Alle born og unge som deltek i aktivitet i regi av IL Jotun skal betale treningsavgift. I tillegg til å gje rett til å delta, så dekkar og treningsavgifta forsikringar dersom ein vert skada.
Etter mandat frå årsmøtet har hovudstyret i IL Jotun vedteke treningsavgifta for idrettslaget tom det året ein fyller 16 år.
For inneverande år vil det seie til og med 1999 årgangane.
Du betalar ei treningsavgift uavhegig av kor mange idrettar du er med i.
Allidrett Utøvarar f.2013 – 2010 skal betale kr. 350,- pr. år til konto 3730.25.04769
Allidrett Utøvarar f.2009 – 2006 skal betale kr. 450,- pr. år til konto 3730.25.04769
Utøvarar f.2005 skal betala kr. 900,-pr. år til konto 3730.02.66267
Utøvarar f.2004 – 2002 kr. 1.400,- pr. år til konto 3730.02.66267
Utøvarar f.2001 – 1999 kr. 1.700,- pr. år til konto 3730.02.66267
Søskenmoderasjon: 25% reduksjon for søsken nr. 2. 50% reduksjon for søsken nr. 3 og evt. 4 og 5). Det er ingen søskenmoderasjon på innbetalingane til allidretten.
Moderasjon vert på lågaste avgift.
Inntekta som treningsavgifta gir, blir delt mellom gruppene i IL Jotun og skal vere eit bidrag til å dekke gruppene sine utgifter til anleggsleige, dommarutgifter og påmeldingsavgift/kontingentar.