Jotun og Åtil samarbeider godt innan handball, noko årets Seniorlag er prov på.
Åtil og Jotun har etter samtalar blitt enige om styrke samarbeidet på handball senior dame.
Som eit resultat er ein blitt enige om at andrelaget som skulle spele i 4 divisjon under navnet Åtil/Jotun blir trekt. Spelarane på dette laget får eit tilbud på Jotun sitt 3 divisjonslag. Dette vil gje eit større treningsmiljø og styrke seniornivået som heilhet. Olafdur «Olli» Sveinsson vil fortsatt være hovedtrener og med seg får Terje Sylvarnes som assistenttrenar.
Ein kan presisere at seniorlaget er eit samarbeid og at det ikkje dreiar seg om noko formell sammenslåing. Arbeidsutvalget som skal jobbe med drifta rundt laget har og fått nokre fleire medlemmer. Inn fra Åtil kjem Ingvill Eldegard og Tore Øren. Dei andre i dette utvalet er Børre Øvstetun, Reidun Myrland, Kjell Ove Fortun, Geir Ove Løvdahl.
Fyrste kamp går av stabelen heime i Årdalshallen 19 september.