Motorsport i Jotun er eit tilbod for jenter og gutar i alderen 5 til 16 år.
Gruppa har nokre få motocrossyklar med fullt sikkerheitsutstyr som du som nykomar kan få leige, for å sjå om dette er noko for deg. Me har gunstig startpris på leige av dette, slik at det skal gå an å få prøve om ein likar motocross før ein kjøper eigen sykkel.
Me ynskjer oss fleire medlemmar, og prioriterer nykomlingar på klubben sine syklar.
Aktivitetsleiarane har mykje å halde styr på på treningane, og derfor ber me deg som er ny om å avtale køyring på førehand. Då kan me ta skikkeleg imot deg, så du får ei god oppleving av sporten.
Den fyrste gongen du kjem for å køyre, tek du med deg ein føresett. Seinare kan det gjerne vere ein annan vaksen, til dømes ein bestefar, som er med.
Klubben har ein del instruktørar som har kursa seg, og som organiserer treningane.
Me driv aktiviteten vår i tråd med Norges motorsportforbund sine retningslinjer: NMF
Bana vår ligg på Dalsurdi i Utladalen i Øvre Årdal.