Trampett kurs 13.-14. februar 2016
18. januar 2016
Klart for KM-kvalifisering Futsal!
5. februar 2016
Vis alt

God påmelding på trampettkurs

Da nærmar det seg fyrste kurshelg for Trampett 1, den 13. og 14. februar.  So langt er det påmeldt 16 personar, noko me er svært nøgd med. Turngruppa er svært glad for at så mange ofrar helga for å auka kompetansen sin innan trampett-/sikring.
Det deltek trenarar frå :
12 frå Jotun
2 frå Sogndal
1 frå Lærdal
1 frå Åtil.

Helga den 20.-21. februar vert det arrangert trampett 2 sikring.  For å delta her må ein ha praktisert minst 1 år etter ein tok trampett 1 sikring.  Dette kurset stiller veldig store krav til prøvegymnastar, så instruktør Stian N. Tvetene har med seg to gymnastar frå Stag turn.  I tillegg har me med dei turnarane frå Årdal som meistrar dei  vanskelegaste momenta.  Denne helga kjem det til å bli «høgt under taket» i Årdalshallen.

Jotun har meldt på 3-4 trenarar denne helga.  Denne type kurs vert ikkje arrangert så ofte, så me var heldige å få arrangere i Jotun.