Då er alt klart til årets KM-kvalifisering i Årdalhallen. Heile 84 kampar skal avviklast i løpet av helga, spelarane er gutar og jenter frå 13-16 år.
Det er sjølvsagt best å sjå kampane i hallen, men for dei som ikkje har anledning so har alle kampane direkte resultatoppdatering på nett.
Det er full servering av både mat og drikke heile helga, mellom anna betasuppe for dei som vil ta middagen mellom kampane.
De finn alt på http://km.jotun-fotball.no
Foto: Kaja Nygård/Porten.no