22 deltakarar frå ulike grupper i IL Jotun gjennomførde i kveld grunnkurs i DHLR. DHLR er forkortinga for Hjerte-lungeredning med hjertestartar. Kurset er todelt, fyrst må deltakarane gjennom eit e-læringskurs og deretter er det praktisk kurs med dokker og hjertestartar.
Prosjektet med DHLR starta med at Sparebank 1 gav fotballgruppa 25000,- i gåve til hjertestartar og kurs. Deretter hengde Indre Sogn Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane seg på og støtta med 10000,- kvar. Det betyr at det no er investert i 2 nye hjertestartarar på anlegget rundt Jotun stadion. Ein vert hengande inne i hallen, den andre ute ved kunstgrasbana. I tillegg har mange no tilegna seg viktig kompetanse for å kunne nytte dette utstyret.
IL Jotun vil rette ei stor takk til bankane som har sponsa kurset og utstyret!