Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 23.oktober. Dette er verdas største dugnad, og i år går pengane til Røde Kors som skal bruke midlane til å redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokre av dei mest sårbare i verda – menneske som er ramma av krig og konflikt, seier komitéleiar Sandra Opheim i eit intervju med Porten.no
Det har vore tradisjon at frivillige frå IL Jotun stiller opp som bøssebærarar. Kvar særgruppe i idrettslaget stiller med folk.
Det er eiga facebookside der ein kan melde seg: Tv-aksjonen Årdal .