Etter AU møtet i Jotun i kveld, er det gledeleg å melde at det vert senior handball i Årdalshallen denne sesongen også. Pr i dag er dei ei treningsgruppe på ca 20 personar. Fyrste kamp er heimekamp i Årdalshallen den 24.09. Etter at klubben gjekk ut i Porten.no tidlegare denne mnd og «etterlyste» spelarar, har responsen vore stor. Samarbeidslaget Jotun / Åtil er difor svært nøgde med at laget no er på plass.
No startar AU det vidare arbeidet med å ferdigstille organisasjonen rundt laget. Olafur Sveinsson er fornøgd med det arbeidet klubben har gjort og er glad for at treningane er i gang.