Handball senior hadde sitt fyrste spelarmøte med AU i kveld. Etter ei god handballøkt i hallen i kveld, møttest spelarar, trenar og AU i klubbhuset til fyrste spelarmøte denne sesongen. Forutan Siv Bakken og Tove Aspesete, kan vel ikkje resten av AU skryte på seg for høg handballkompetanse, seier leiar i IL Jotun og i arbeidsutvalet i laget Arnt Stølen Moen. Etter intens jobbing og møtevirksomheit ser me endeleg resultatet. Ein flott gjeng jenter i ulike aldrar og ulik handballbakgrunn dannar troppen den komande sesongen.
Gode treningar
Jentene kjem rett frå Årdalshallen etter dagens økt. Dei er positive og skryter over gode treningar og godt miljø. Etter kveldens møte, fekk laget på plass eit spelarutval på tre personar og fleire som melde seg på i støtteapparatet.
«Mor handball» ( Tove Aspesete) diska opp med frukt og nylaga sjokoladekake. Gjennom det ca 1,5 t lange møte, fekk både AU, spelarane og trenar seie noko om forventningar til sesongen.
Ein fantastisk flott gjeng som det skal bli kjekt å fylgja på parketten i Årdalshallen. Om ikkje lenge skal de få bli kjent med kvar enkelt av dei her på heimesidene våre. Så det er ingen grunn til ikkje å fylgja med her framover.
Me er glad for å vera i gang , og takkar blant anna hovedsponsorane våre og andre som gjer det muleg !