Spelarmøte handball senior
13. september 2016
SYMJETRENING
20. september 2016
Vis alt

Tusen takk!

Som tidlegare nemnt er det pr 31.12.2016 krav om at alle lag og organisasjonar skal nytte godkjent medlemssystem. Skal ein søke om spele-/tippemidlar må det gjerast gjennom system godkjent av NIF. I denne prosessen har IL Jotun manuelt oppdatert gamle medlemslister for å få inn tidlegare støttemedlemar i det nye systemet. Difor har mange av dykk gjennom sommaren fått faktura i postkassen der me spør om de framleis vil vera medlemar i Jotun.

Og eg seier berre ……DE er best !! Så kjekt å sjå at den ekstra trimmen  ein får ved å gå rundt i bygda og legge brev i postkassen dykkar, verkeleg gjev resultat. Fantastisk mange av dykk har allereie betalt inn. TUSEN, TUSEN TAKK !!

Eg vil og rette ei stor takk til Ingeborg Hjelle som traskar rundt i bygda og hjelper medlemsansvarleg med denne jobben. DU er toppers ! Me er snart i mål med dei gamle listene, og me håpar sjølvsagt at dei resterande støttemedlemane er like positive som de andre som allereie har betalt.

Skulle de elles vera nokon som ikkje er fanga opp på gamle lister, er de velkomne til å ta kontakt eller nytte linken som ligg på heimesida for å bli medlem.