Godt Nyttår !
30. desember 2016
Motivasjonsforedrag for dommarar
19. januar 2017
Vis alt

Oppstart basistrening i Jotun på tvers av grupper-/ og alder.

Gratis prøveordning ! ( MÅ vera medlem i Jotun)
Kvar fredag frå og med 13. januar  i tida 17 – 18.30 vil det bli høve til å delta på basistrening i Årdalshallen. Det vert felles opplegg på tvers av alder og grupper. Lars Kristian Fauske ( fysioterapeut i Årdal Kommune) vil hjelpe oss med opplegget. Dersom barn under 10 år ynskjer å vera med, må foreldre stille i lag med dei. Slik type trening har vore særs vellukka andre stader i fylket. Td har Breim Idrettslag drive slikt opplegg i mange år. Etter trening vert det samling i Klubbhuset for dei som ynskjer med gratis frukt, saft og kaffi.
INFORMASJONSMØTE FØR OPPSTART:
Me ber alle trenarar i dei ulike gruppene møte opp i klubbhuset onsdag 11 januar kl 19.30-20.00. Lars Kristian Fauske vil orientere om opplegget og kvifor ein skal trene basis.
Fyrste bolken med basistrening vil vare frå 13. januar til og med 31. mars.