I morgon laurdag 13 mai vil ei av gruppene i Jotun fotball laga liv på Torget. Og det er ikkje småtteri dei har fått i stand. Grillane vert tent opp kl 10.00.
Det vert ulike aktivitetar. Den svært populære og nye fotballsatsinga 3V3, kan alle som vil få teste på Torget i morgon. Her er det berre å ta med to venner, så har ein eit lag.
18. juni skipar Jotun fotball i stand 3v3 turnering. Så no har alle sjansen å prøva kva dette går ut på.
Kjetil Torbjørnsen vil spela på Torget. Ein kan nyte musikken, kjøpe grillmat , kaffi og kaker. Det er og lotteri med mange fine premiar seier arrangementssjef Sven Asbjørn Nundal.
Vel møtt !