L Jotun Symjegruppa arrangerte 17 juni 2017 klubbstemne i utebassenget i Øvre Årdal. Det vart eit flott stemne med gode resultat, sjølv om deltakinga ikkje vart så stor. Mange hadde reist på ferie, men dei som var med gjorde ein kjempeinnsats!! Sjølv vêrgudane var med oss, og det låg eit «historisk» sus over stemne. Det er i år 55 år sidan utebassenget vart opna, og det har ikkje vore arrangert stemner ute på nærmare 20 år. Symjegruppa takkar foreldre og friviljuge som stilte opp og laga ei flott ramme kring stemne!
Resultat klubbstemne i utebassenge
Nokre bilder frå stemnet: