Laurdag 28.10 hadde jenter 2007 sine fyrste kampar i seriespel. Kampane fann stad i Tangenhallen. I denne aldersgruppa er kampane lagt opp som turneringsspel, der dei ulike klubbane i serien står som arrangør. Åtil var fyrst ute og hadde laga ei flott ramme rundt arrangementet med mykje godt i kiosken og mange hadde funne vegen til hallen for å heie på barn og barnebarn.
«Best Steinar» var ein av dei som hadde funne vegen til hallen for å heie på jentene. Innimellom heiarop hadde han arbeid med å halde styr på smukken til dokka han hadde på fanget 🙂
Dei neste kampane til jentene skal spelast i Gaupne 26 november. Ein hel månad fram i tid. I mellomtida vert det heilt sikkert lagt ned mykje god trening.
Dette kullet er eit veldig godt eksempel på korleis samarbeid mellom grupper skal vera. Det er ingen kolliderande aktivitetar innanfor idrettslaget på dei dagane det er oppsett ulike treningar for dei. Slik kan ein få med seg alle ungane som har lyst å delta.
Jentene som var med denne dagen er: Katarina Sveen, Hannah Breivik Øvstetun, Julie M. Låksrud, Ella Opheim Furuborg, Sofie Øvregard, Hannah Styve Øren og Maria Vamråk. Trenar Vibek F Moe og oppkvinne Ann Siri Øvregard.
Godt jobba alle !
NB; Me ynskjer bilete og litt info rundt fleire kull sine kampar. Kan sendast til : sekretar@iljotun.no , så legg me ut på heimesida etterkvart.