Da har alle, både dei flinke utøvarane våre , fantastiske trenarar, fantastiske foreldre og fantastiske KM komitè landa etter helga. Etter lang førebuing både av gymnastar og dugnadsgjeng, er me overlykkelege når me no set oss ned og oppsummerer helga.
Heile 10 medaljar vart att i Jotun:
Gull:
Jotun 1 Tumbling Rekrutt
Jotun 1 Tumbling, junior kvinner
Jotun snr.Mix, Tumbling
Jotun snr Mix , Trampett
Sølv:
Jotun 1 Trampett, rekrutt
Jotun 2 Trampett, junior mix
Jotun 1 Tumbling, junior mix
Bronse:
Jotun 2 Tumbling, Rekrutt
Jotun 2 Trampett , junior kvinner
Jotun 1 Trampett, junior kvinner
Ikkje nok med dette, Jotun 2 Tumbling rekrutt fekk stilpokal for høgaste E karakter i konkurransen. Jotun har fått denne pokalen 3 år på rad og dermed fått pokalen til odel og eige.
Det er veldig kjekt at turnsporten er veksande i fylket vårt . Og me i Jotun er superstolte av alle gymnastane våre.
I tillegg til alle dugnadsfolk og publikum, ynskjer me å takke hovesponsorane våre: Årdal Energi – Årdalsnett AS – Indre Sogn Sparebank.
Til KM har også desse støtta oss:
Hydro Årdal, (Hydro Årdal er og sponsor til Jotun gjennom heile året) Indre Sogn Sparebank, Årdalsnett AS, Bunnpris Øvre Årdal, Kiwi Øvre Årdal og Olav O. Hæreid & Sønner AS.
Me ynskjer og å takke Bjarte Hove som hadde legevakt heile dagen, Anita Laberg Øvstetun som speaker, Eirik Laberg som teknisk på resultat ( og enorm ryddeinnsats etter me var ferdige i hallen) og Stefan Kruger som styrde musikken. Og ikkje minst «mamma» Mariann som tok på seg og handle inn og lage til heile middagen heilt åleine !
TUSEN TAKK ALLE SOM HAR HJELPT OG STØTTA OPP OM ARRANGEMENTET !!
OG TUSEN TAKK TIL DEI FLOTTE 4 OG 5 KLASSE JENTENE SOM OPNA KM FOR OSS ! Superflinke de og !
Vel blåst alle !