Me veit at jula nærmar seg når den årleg handballbasaren vert arrangert. Kvart einaste år i starten av desember arrangerer IL Jotun handball basar. Som tidlegare år var ungdomshuset fult opp med basarglade besøkande. Dette er eit av dei størte inntektsbringande tiltaka til handballen gjennom året.
Me har eit fantastisk næringsliv i Årdal som støttar opp med gaver kvart år. I tillegg leverer kvar einaste handballspelar kvar si gåve til basaren. Me har og frivillige som stiller opp med gaver og på dugnad.
På folkemunne er denne basaren kalla for «basaren hennar Kirsten». Kirsten Larsen (85), det trufaste æresmedlemet i Jotun hadde hovedansvaret for basaren i ei årrekke. Før ho gav seg hadde ho med seg på «opplæring» i mange år Irene Ruud, Gretha Furseth og Signe Hagen. Og desse tre damene har gått i god skule. Dei hadde full kontroll over gavebordet ! Elles har handballen fleire andre seniorar som trufast hjelper år etter år. Åge Sem Johansen, Ola Buhaug og Arvid Øren losa dei frammøtte gjennom trekkinga av årer.
På kjøkkenet også ein årleg trufast gjeng med Margit Lunde, Sonja Saur, Marianne Hellebø og Britt Helene Vee. Sal av årer stod handballspelarane sjølve for med god hjelp frå andre frivillige i handballen. Hovedgevinsten , ein flott sykkel vart i år vunnen av Inger Johanne Låksrud.
Jotun handball vil takke alle som har bidrege og alle som møtte opp på basaren vår i år også.
Tusen takk !