For fyrste gang i historien stiller IL Jotun med ein tropp i NM kvallik, troppsgymnastikk. Turngruppa og sjølvsagt IL Jotun er umåteleg stolte over å få dette til. Konkurransen vert halden i Arendal. Så den tøffe troppen har ein lang tur framfor seg før konkurranse.
Etter å ha gjort det veldig godt dei tre siste åra på KM og flotte resultat på Granspretten og Opplandspokalen dristar me oss til å måla musklar med enno større konkurranse.
Jentene har trena målretta og er svært treningsvillige. Og med to hovedtrenarar som er langt over middels interesserte i troppsgymnastikk, må dette berre bli bra.
Troppen reiser frå Årdal på fredag, med treningar om kvelden. Konkurransen er laurdag og søndag. Er me heldige, vert konkurransen streama her:
http://arendalsturnforening.no/nm-kvalikk-junior
Om ikkje, vil Jotun prøve å filme gjennomføringa direkte. Tiril Moen Stølen, Jan Erik Luggenes og Rigmor Skrede reiser med troppen som støtteapparat og heiagjeng.
Troppen som reiser er: Ingeborg Strand, Helena R. Damli, Augusta Luggenes, Karoline Molland, Sofie Øren og Ailin Hellebø. I tillegg er sjølvsagt hovedtrenarar Aina Heggø og Sofie Moen med.
IL Jotun helsar og ynskjer masse lukke til !Heile denne gjengen ynskjer alle lukke til !