Forrige helg (9.+11.mars) arrangerte fotballgruppa rekrutteringsdommarkurs i Jotunhuset. Heile 17 deltakare gjennomførte kurset, godt instruert av Inge Seglem, regionsinstruktør for fotballkretsen. Inge har gitt tilbakemelding om flott og engasjert ungdom. Det likar vi!
Ein deltakar, Roy-André Bergerud (ÅTIL), fekk sin «eksamen» allereie denne veka då han dømte treningskampen mellom Jotun G13/14 og Sogndal.
Sven Nundal bidrog sterkt som koordinator av arrangementet og skal og ha stor takk!
Dommarar er ein mangelvare i både klubb og krets så både Jotun og fotballkretsen er nøgde med å få nokre nye rekruttar. Styret vil jobbe vidare med å engasjere ein dommarkontakt og me ynskjer og å ha eit klubbdommarkurs i løpet av våren.