VIKTIG KORRIGERING:
I det opprinnelege innlegget hadde me oversett ei gruppe gode jentespelarar (og det i jentefotballens år!) som er uttekne i Akademiserien for J14! Desse er:
Ingeborg Bukve Strand, Maria Øy Kleiven og Leah Nordnes. Me beklagar, men er glade for å kunne oppdatere antallet i listene nedanfor!
Jotun har hatt mange spelarar på sone- og kretstiltak dei siste åra sjølv om det ikkje har vore så synleg her på nettstaden vår.
No er det gledeleg å melde at 8 11 Jotunspelarar er tekne ut til satsingsgrupper, sone- og kretslag i 2018!
TEAM Sogn og Fjordane er kretsen si satsingsgruppe for spelarar i alderen 13-16 år og vert driven i nært samarbeid med Sogndal Fotball.
Dei uttekne her er er:
Morten Brandsdal (Sportsleg Utval, Jotun Fotball) er ansvarleg for å følgje opp denne gruppa. Trenarar frå kretsen er Nils Tore Krosshaug, Geir Stenehjem og Jan Tore Jåstad
Jotun har og fått med 6 spelarar i Enivestserien (sonelag):
I Akademiserien (tiltak for 14-åringar som spelte på sonelag som 13-åringar) har me:
I tillegg har desse vore på sonetiltak (Enivest Fotballskule) i vinter:
Helga 7.-8.april arrangerte Norsk Toppfotball Nasjonal Eliteturnering på Nadderud (G14) og Jessheim (G15). Der deltok alle våre kretspelarar på gutesida. I dette tiltaket vert klubbar i Eliteserien og OBOS-ligaen invitert til å stille med ungdomslag. For tida er det berre eit tilbod på gutesida. Me vonar NTF vil dra i gang noko liknande på jentesida!)