Basert på oversikt over treningstider både ute og inne, har me rekna oss fram til at det totalt i Jotun vert drive dugnad på treningstimar, møteverksemd, reiser og planlegging på bortimot 20.000 timar pr år ( heile 10 årsverk). Inkludert alt arbeid som vert lagt ned av oppmenn-/kvinner, foreldredugnader og alt det gode arbeidet som seniorgruppa i Jotun står for.
I år vart ein av våre engasjerte ildsjer, Ruth Laberg tildelt prisen Årets Årdøl for den store innsatsen som ho legg ned for idrettslaget og barn og unge i Årdal. Dette er og ein flott anerkjennelse av den innsatsen som vert lagt ned for idrettslaget av alle våre frivillige.
Me ynskjer å takka kvar og ein av dykk som jobbar frivillig kvar einaste dag i Jotun.
Med ynskje om ei god og fredfull Jul til alle !
Beste helsing
Arbeidsutvalet i IL Jotun v/ Arnt Stølen Moen