Lidvin Hestetun, utteken til talentsamling
12. mars 2019
F.v Isak Hove, Lidvin Hestetun, Sander Hestetun Kilen, Aleksander Nundal og Kevin Lægreid. Foto: Privat
Sterk innsats i G14 Nasjonalt Tiltak
8. april 2019
Vis alt

Utdeling av æresteikn under årsmøtet IL Jotun 13.03.2019

Årsmøtet i IL Jotun for 2018, vart halde i klubbhuset 13.03.2019. Det var 31 oppmøtte på møtet.  I tillegg til ordinære årsmøtesaker vart det og utdeling av æresteikn,
I år fekk æresteiknkomiteen inn mange forslag. Det er positivt at gruppene fremjar utøvarar, trenarar, eldsjeler innanfor gruppene sine som fortener ekstra merksemnd.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Knut Werge Olsen fekk utdelt IL Jotun sitt bragdstaup for den flotte innsatsen den unge friidrettsutøvaren har vist i 2018. Les nærare om innsatsen her:
Knut Werge Olsen.pdf begrunning

Årets eldsjeler for 2018 vart Geir Reidar Hestetun og Arve Otto Nundal for deira fantastiske innsats for personar som treng ekstra støtte i treningskvardagen.
Les meir om begrunninga ved sida av biletet under:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her ligg begrunninga for tildelinga:
Eldsjelprisen 2019

John Valsvik fekk utdelt æresteikn for innsatsen i Jotun. Så begrunning ved sida av biletet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utmerking John Valsvik

Frank Eldegard vart også utdelt IL Jotun sitt æresteikn for innsatsen i mange år. Begrunning ved sidan av bilete:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frank Eldegard

Æresteikn fekk også Merete Moen for sin flotte innsats i Jotun gjennom mange år:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Merete Moen

Rigmor Skrede som er den gode trenarmakker til Merete Moen fekk også utdelt æresteikn for magne års innsats i Jotun:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rigmor Skrede

På årsmøter er det også val. Nokon går ut av styrer og nye krefter kjem inn. I år valde Tove Aspesete og Mona Nytun å takka for seg. Mona har vore inne i fleire periodar i AU og i gruppestyret. Mona har sete som nestleiar i AU og dermed og som leiar i anleggsutvalet.  Ho har også vore ein av Jotun sine representantar i idrettsrådet.

Tove Aspeseter har mange år bak seg som representant i AU. Ho har og sete i fleire gruppestyrer. Vore leiar i hovedsportsleg utval i Jotun og tidlegare vore aktiv utøvar i både fotball og handball.  To damer som har lagt ned ein fantastisk jobb for Jotun. Me håpar sjølvsagt med kan lokke dei tilbake ved seinare høve.
Dei to damene fekk sjølvsagt overrekt blomar av leiar Arnt Stølen Moen ved møtet, som tusen takk for flott innsats i mange år,

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nytt arbeidsutval i IL Jotun er som fylgjer:

Leiar : Arnt Stølen Moen 2018-2019
Nestleiar: Kjetil Felde 2019-2020
Kasserar: Anne M. Steinheim 2018-2019
Sekretær: Ruth Laberg 2018-2019
Gruppekontakt: Per Arne Elgsaas  2019-2020
Miljø og trivsel: Mads Gruben Breivik  2019-2020

Vara 1: Tor Erik Sveen 2018-2019
Vara 2: Steinar Årebru 2019-2020