Det 2 løpet i HMR trippelen vart avvikla på Årdalstangen 8. juni. Veret var på arrangøren si side. Og med feiring av Fjord til Fjell sine 25 år var det duka til fest frå morgon til kveld. Det er IL Jotun og Åtil som står som arrangør av HMR trippelen.
Kjappast tida var det Gard Reppen Vigdal , IL Jotun som stor for i dag. Han sprang inn på tida 25,47. ( fødd 2003) Ein annan av unggutane til Jotun , August Da Silva Sveen sprang inn på tida 29,33. (fødd 2004). Flott innsats av dei to unge gutane.
I alle løp dukkar det opp debutantar. Det gjorde det også denne gongen. Unge Katarina Da Silva Sveen , fødd 2007 sprang inn på tida 36,08. Ei fantastisk tid av den allsidige unge jenta som i kvardagen er aktiv både på handball, fotball, ski og friidrett. Kjempebra !!
I tillegg stilte ein annan av våre unge utøvarar til start. Isak Øyre Nundal fødd 2006, sprang inn til den sterke tida 31.21. Fantastisk ! Selina Barsnes er etterkvart trass sin unge alder ein rutinert løpar vorten og sprang inn til tida 31,08. Det lovar bra framover.
På bildet ser me Katarina tek i mot premien sin.
Fullstendig resultatliste her: