På klubben sitt årsmøte i kveld som talde 32 personar vart Henrik Rønningen og Liv Moen tildelt æresmedlemskap i Jotun. Dei har begge ei lang og god karriere bak seg og er framleis aktive i laget. Liv Moen innanfor friidrettsgruppa og Henrik innanfor fotballgruppa. Dei er viktige personar for Jotun som kjenner både historien og laget veldig godt. Og Jotun er svært glade for å ha dei to med vidare.
Det vart delt ut fleire prisar.
Dei unge og lovande utøvarane Lidvin Berge Hestetun og Gard Vigdal Reppen fekk utdelt IL Jotun sitt bragdstaup.
Lidvin for innsatsen sin på fotballbana. Han har drive med fotball sidan han var fem år gamal. Viser svært gode haldningar, er positiv ovanfor omgivelsane og ein god kamerat. Har spelt på sonelaga i Sogn og Fjordane kvart år og er utteken på kretslaget. Har vore utteken to ganger på Equinor talentleir. Her har han og fått prøvd seg som kaptein og har fått gode tilbakemeldingar. I år skal han vera med Sogndal sitt G16 lag i ei nasjonal serie. Me ynskjer Lidvin lukke til med fotballen.
Gard Vigdal Reppen fekk utdelt bragdstaup for insatsen både på ski og i friidrett. Han har fleire KM sigrar bak seg og har hevda seg godt i klassen sin i begge greiner. Det er eit lite miljø i Årdal og me beundrar difor den innsatsen som vert lagt ned. Gard vann solid HMR trippelen som vart arrangert i 2019. Motstandarane såg i ryggen hans ei lita stund, før han sprang inn til solid siger.
Anne Gerd Jevnaker ( var desverre ikkje til stades på årsmøtet) og Knut Jevnaker vart tildelt æresteikn for sin fantastiske innsats i Fardalen og for skimiljøet i Jotun. Dei har lagt ned ein flott jobb med anlegget der oppe og Anne Gerd har vore ein pådrivar for den flotte aktiviteten som skigruppa har skapt for allidretten gjennom 5-6 veker kvar vinter. Det er alltid gode tilbakemeldingar på opplegget og ungane gledar seg til skileik i Fardalen kvart einaste år.
Geir Frode Rudi fekk utdelt æresteikn for sin lange innsats i Jotun fotball. Han har trent både gutelag og jentelag i mange år. Fekk utdelt den høghengande oppmuntringsprisen på Fåberg og er ein svært engasjert og oppmuntrande trenar for gruppa si.
For nokre år sidan oppretta IL Jotun eldsjelprisen. Også i år vart denne utdelt.
Det er slik at det vandrar mange eldsjeler rundt i bygda som nødvendigvis ikkje treng vera involvert i den daglege drifta og i styre og stell i Jotun. Me har personar som aldri seier nei når me spør om hjelp. Irene Ruud som fekk prisen i år er ein slik person.Ho har i mange år ( arv etter Kirsten Larsen) teke hand om og styrt åresalget på basarar både i handballgruppa og turngruppa. Ho var i ei årrekke fast inventar i kiosken under dugnaden til Jotun fotball i veterancup. Ho er den fyrste som melder seg som frivillig når symjegruppa annonserer på facebook at dei treng hjelp til dugnadsvask i utebassenget. Slike som Irene treng me mange av og me håpar at ho kan vera ein inspirasjon til at enno fleire vert med i det kjekke fellesskapet vår.
IL Jotun gratulerar alle med vel fortente prisar.