Sist helg var Tomine Jevnaker og Solfrid Gjermo Røyrvik på symjestemne i Eid. Etter høvesvis 2 og 1 trening, leverte dei to jentene svært gode resultat. Å delta på stemne er spennande og er med på å motivere til vidare satsing. Det er sosialt og kjekt å treffa att symjevenner frå heile fylket, samstundes som dei jagar persar i favorittøvingane sine.
Det er ikkje berre eigentrening og konkurransar desse to driv med i Jotun. Dei har teke på seg eit veldig viktig verv som trenarar for rekruttsymjarane våre. Og når me no endeleg får vera litt i vatn att, er jentene klare til innsats. Som me alle har fått med oss er bassenget i Årdalhallen desverre ikkje opna enno. Men no ser me lys i enden av tunnellen. Og håpar på oppning i desember.
Me har fått anledning å trene litt på Tangen skule. Det er ikkje ideelt for ungdomssymjarane våre, da bassenget er for kort. Dei vert knakande gode på vendingar. Det vert laga i stand treningar for rekruttsymjarar frå neste veke, slik at dei kan koma i gang att. Da rekk me nokre treningar på Tangen skule før me forhåpentlegvis kjem oss innatt i Årdalshallen anten rett før jul eller rett over nyttår.
Elles har ungdomssymjarane vore i Aurland og trena i det nye flotte 25 m anlegget der. Aurland kommune har verkeleg lagt til rette for symjegruppa og me er dei evig takknemlege for måten dei har teke i mot oss på. Tusen takk Aurland !
I januar vert det treningssamling i Eid med Sander Smørdal som instruktør. Og i februar tek me oppatt suksessen med symjestemne i Årdalshallen.
Symjing er moro! Me håpar å sjå mange att når me startar opp med treningar for fullt!