Trekning i handballbasar lotteri.
10. desember 2020
God Jul !
24. desember 2020
Vis alt

Avslutningar i ungdomsfotballen!

Nytt av året var at ungdomsfotballen i Jotun fotball ville ta oppatt tradisjon med felles avslutningar etter sesongslutt. Det var planlagt middag på Bakeriet, med musikk og dans. Samt prisutdelingar
Slik vart det dessverre ikkje dette året. Restriksjonar rundt korona gjorde at me ikkje kunne samlast så mange i lag. Me beslutta at kvar kull kunne ha avslutning i klubbhuset.
Prisane som skulle stemmast på, var følgande:
1. Årets ivrigaste
2. Årets humørspredar
3. Årets mål
4. Årets lagspelar.
Alle spelarar, samt trenarar var med og stemde. Neste år håpar me at me kan samle heile ungdomsfotballen ti felles avslutning.
Under ser det bilete av prisvinnarar:
Småguttelaget:
Årets ivrigaste: Oskar Grenager
Årets humørspredar: Jonas Walaker
Årets mål: Kristoffer Eri Bjørkum
Årets lagspelar: Eskil Nes.

Jenter 15/17:
Årets ivrigaste: Marte Vigdal Ruudi
Årets humørspredar: Thea Hove
Årets mål: Andrea P. Øyre
Årets lagspelar: Thea Hove

 

 

 

 

Småjentelaget:
Årets ivrigaste : Ida F. MOen
Årets humørspredar: Malin M. Bruhaug
Årets mål: Kristine M. Låksrud
Årets lagspelar: Ida F. Moen

 

 

 

 

Guttelaget 15/17 år

Årets ivrigaste: Tobias Furebotn
Årets humørspredar: Mathias Øren
Årets mål: Isak Øren Hove
Årets lagspelar: Martin Yttri.

I tillegg til desse prisane hadde Jotun fotball 3 andre prisar som vart utpeika av styret og dommaransvarleg.
Årets jentedommar: Ella Oppheim Furuborg fekk merksemd for å ha vore den einaste jentedommaren som har dømt seriekampar i år. Me set veldig pris på Ella sin vilje til å dømme. Me har fått gode tilbakemeldingar på henne og håpar ho held fram med dommargjerninga.
Årets toppscorar i Sogn og Fjordane:
Her var det Kristine Låksrud som fekk prisen for å vera den i ungdomsfotballen anten det er jente eller gut som har scora mest mål i sesongen. Heile 18 mål sette ho inn. Flott prestasjon av Kristine !
Årets dommar :
Hermann Vigdal Øren seier stort ett alltid ja.Han er bestemt og tydeleg . Me veit han er ønska som kretsdommar og håpar han tek steget vidare i dommarkarrieren.
Per Kopperdal har vore ansvarleg for dommaren dei siste sesongane  og har gjort ein fantastisk jobb.

Jotun fotball gratulerer alle saman!

Jotun fotball ønsker alle ei God Jul og eit Godt nyttår!