Anne Gunn Vigdal og Geir Frode Rudi har laga påskekrim til småjente, jenter og damelaget.
Det skjer forunderlege ting rundt stadion, berre sjå her :
Her er første del av påskekrimmen
.
Gåta vert lagt ut i gruppene til småjentelag og jentelag/damelag.
Det er ledetrådar i teksten som fører fram til kven offeret er. Offeret er spelar på småjentelag, jentelag eller damelag.
Reglar:
Det kan løysast ilag eller saman med nokon – som familie eller spelarar på laga. Bestem dette på førehand og ver eit «team» på alle oppgåvene.
Det er ikkje lov å sei løysing til nokon andre. Hald det for deg sjølv på «laget» ditt
.
Tysdag og torsdag kjem del 2 (drapsvåpen og motiv) og del 3 (mordar).
Laurdag kårer me ein vinnar
.
Alle kan gjette 3 gonger pr. oppgåve. Skriv da kven som er ilag med den som gjettar. Alle som gjettar rett innan tysdag og torsdag når ny oppgåve kjem, er vidare med i konkurransen
. Før vinnaren vert kåra vert det ein slags «finale» laurdag for å kåre ein vinnar. Kjem tilbake til dette.
DET ER IKKJE LOV Å SKRIVA KOMMENTARAR ANGÅANDE GJETTING I KOMMENTARFELT. KUN SPØRSMÅL ANGÅANDE GÅTA.
«
Treninga var slutt, alle spelarane var reist heim og trenarane Geir Frode og Stig rydda opp att. Dei samla inn dei 17 ballane, samla kjegler og vende snuten heim. Det hadde vore ein positiv trening, der det meste hadde klaffa. Dei gjekk langs bana med klatreparken på høgre side, gjennom gjerdeopninga som leia ned mot stien langs vatnet. Plutselig såg dei eit syn dei seint vil gløyma!; Der i det høge graset, låg ein av jentene på laget rett ut, kamuflert, med hendene langs kroppen som eit vilt dyr. Det var ingen tvil om at nokon hadde teke ho av dage. Ved sidan av ho låg det ein lapp. På lappen stod det:
» Hei og hå,
slik kan det gå.
Gjettar de rett,
ja, det er ganske lett.
Offeret mitt, ho brukar refleks,
søt og god – ja, nesten som eit kjeks.»
Trenarane var i sjokk over det grusomme synet og visste ikkje korleis dei skulle gå fram. Etter å ha summa seg, fordelte dei mellom seg kven som skulle ringe til kven.
Foreldra til offeret svara ikkje. Dei prøvde difor å ringa til offeret sitt søsken, som svara etter 15 forsøk….»
Del 1:
Kven er offer?
Anne Gunn melder om at det har vore eit veldig engasjement. Og desse har gått vidare til deloppgåve 2:
Flott engasjement, mange aktive deltakarar og gode svar!
16 «team» er med vidare til dagens gåte.
Ella Hestetun,
Mia Kopperdal,
Thea Øren Hove & Emilie Hunderi,
Ørjan Hestetun,
Ida F. Moen,
Leah Karin Bøyum,
Thea Nes,
Henriette Forthun,
Merete Øren,
Synnøve Øygarden m/føresette,
Emmeli Jevnaker m/fam.,
Marte, Live, Maria, Emma & Ingeborg,
Marie Wigum,
Sofie H., Hannah, Emma B.,
Selma & Merete,
Kristine M. L.
17 (alder på offer)
Snuten (glad i dyr)
Vatnet (badevakt)
Kamuflert og vilt dyr (går på jakt)
Refleks (brukar det når ho går ute i mørkret) men var mest med for å rime på kjeks…
Selma – kjeks.
Selma Moen Eminovic er offer og svar på del 1!
.