Årsmøte IL Jotun onsdag 19 mai 2021
12. mai 2021
«Hele Norge flyter»
22. mai 2021
Vis alt

Prisdryss til symjegruppa !

Eldsjel

Årets eldsjel

Ved årsmøtet til IL Jotun for 2020, vart det gjort stor stas på symjegruppa. Kurt Jevnaker møtte på årsmøtet på vegne av valkomiteen. Då det var tid for å dele ut æresteikn var det ein smule overraska Kurt som vart bedt om  koma opp. Kurt har mange år i symjegruppa som trenar. Han har alltid vore flink å tilpassa treningstider etter når det passar for symjarane. Han deltek ivrig på alle stemner og stiller opp på dugnader og arrangement der symjegruppa er ansvarlege. I tillegg var det han som i si tid hadde hovedansvar for å utarbeide klubbhandboka til IL Jotun. Han har og vore både trenar og oppmann i fotballgruppa.

Symjegruppa og IL Jotun set stor pris på arbeidet du har gjort og gjer Kurt ! Gratulera !!

Æresteikn til Kurt Jevnaker

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ikkje nok med æresteikn, men symjegruppa vart også tildelt pris for Årets Eldsjel 2020. Stolt leiar Ingeborg Hjelle, Instruktør Kurt Jevnaker , Ruth Laberg og primus motor for å ha skaffa symjegruppa dette tiltaket, Henrik Rønningen.

Eldsjel

Årets eldsjel

Grunngjevinga frå æresteikn komiteen kan de lese her:
Årets Eldsjel 2020
I tillegg til dei på biletet er det mange fleire som deltek på desse samlingane. Aktive utøvarar, foreldre og frivillige er med å skape kjekke aktivitetar dei gangene Vang mottak kjem til Årdal. Symjegruppa ynskjer å takke alle som hjelper til og på vegne av oss alle er me svært stolte over å motta denne prisen.
Vang mottak kjem tilbake sommaren 2021, og me er alt begynt å gleda oss til å ta imot dei.