Bjørn Inge Morland har rollen keeperutviklar i Jotun fotball sitt sportslege utval. Me er veldig glade for at han har teke på seg denne rolla. Han vil gjerne bidra rundt på laga om nokon ynskjer tips til øvingar eller om de ynskjer at han skal stikke innom på ei trening. Innimellom vil han invitere trenarar og keeprar til økter med gode keeperøvingar. Men har fleire gode keepertrenarar i Jotun som har sagt seg villige til å stille opp for å få til eit godt keeper miljø både for jenter og gutar. Her er det også plass for tidlegare trenarar i Jotun ( hint, hint Geir Nordnes ) Det er fort gjort at keeprar kan bli ei forsømt gruppe om ein ikkje alltid har eit godt fokus rundt dei. Difor er me glade for at Bjørn Inge har teke på seg dette ansvaret.
Dette vert både sosialt, lærerikt og kjekt !