Strålande dag på Jotun stadion !
11. juni 2021
Dugnadsliste MÅLROCK
25. juni 2021
Vis alt

Miniturnering – fotball

Kongleriket den 30 mai vart avlyst. IL Jotun som skulle arrangere den andre Kongleriket turneringa 13 juni, var veldig spente på om me kunne utføre turneringa. 14 dagar før turnering kom beskjed frå kretsen av me fekk arrangere, men det vart ikkje ei fullskala Kongleriket turnering. Det var kun klubbar frå denne sida av fjorden me fekk invitere. Så da vart det Aurland, Lærdal, Åtil og Jotun. Det har vore ein fantastisk komite i siste års knøtt som kasta seg rundt og fekk på plass det meste i løpet av få dagar. Me er begynt å bli rutinerte på korona og smittevernreglar. Invitasjon og kampoppsett vart sendt ut og me vil rosa klubbane for at dei held frista for påmelding, slik at kampoppsettet kom på plass.  Med utsyn frå klubbhuset utover stadion, kunne ein ikkje tru at det var 200 personar til saman på banene. Me håpar me kjem dit hen at me kan fylle både kuntgras og stadion att snart. Men det viktigaste av alt er at ungane er fornøgde. Det vanka godord både frå trenarar og spelarar, og det er det viktigaste. Takk til alle som stilte på dugnad, Utan dykk kunne me ikkje gjennomført !
EI STOR TAKK TIL ÅFK SOM STILTE MED DOMMARAR. EI STOR TAKK OGSÅ TIL DEN IVRIGE UNGE DOMMAREN FRÅ ÅTIL SOM VAR MED OSS BÅDE I ÅR OG I FJOR ! Me masar ofte om samfunnsansvar  her på Jotunsida. Det dommarane bidreg med i dag  er samfunnsansvar. Alle småttisane som spring rundt på bana har nok draumar om å få spele på seniorlaget ein dag i framtida. Og at nettopp seniorspelarane stiller som dommarar er stas for dei unge håpefulle. De er gode rollemodellar ! Tusen takk ! Og takk til Morten og Ole Gunnar som var med heile dagen og tok ansvaret for koordinering av dommarar.
No er me spente på kva regjeringa seier den 17 juli. Men håpar at det opnar opp att for meir aktivitet slik at turneringa me reiser på i august er slik turnering me ynskjer å ha.
Tusen takk til hovedsponsorane våre Årdal Kraftlag – Sparebanken Sogn og Fjordane og Årdalsnett As.

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei Jotun og ei Åtil jenta. Tykker dei fortener is etter god innsats.

Fornøgde jenter frå Åtil

Hovedsponsor