IL Jotun fotball er sertifisert kvalitetsklubb. Det betyr at det i klubben skal vera ein person som er tildelt rolla som spelarutviklar. Det er ei stor glede at me har fått Tom Hellebø i denne rolla. Tom har lang bakgrunn i Jotun som spelar både i aldersbestemt og senior. Etter han la fotballskoa på hylla har han vore trenar i aldersbestemt.
Spelarutviklar skal blant anna vera:
– kontaktperson med landslagsskulen og ansvarleg krets for sone og kretsspelarar.
– Han vil jobba tett med trenarar og bistå med hospiteringsordning
– Han vil vera medlem av sportsleg utval
– Korleis skal Fotballspelet i Jotun vera? Starte arbeidet med å utarbeide ein raud tråd saman med trenaransvarlig-/trenarkoordinator, aktuelle trenarar, styret og sportsleg utval.
– ha samtalar med spelargrupper, enkeltspelarar.
Me gler oss til å koma i gang. Håpar at me no kan starte for fullt med fotballen att snart, slik at born og ungdomar kan driva med det dei likar aller best.