Opplæring i S2S treningsøkta.
14. august 2021
Ella, månadens fairplay for august.
3. september 2021
Vis alt

Leah Nordnes, regional landslagssamling i handball.

IL Jotun er stolte og tykkjer det er veldig kjekt at Leah er utteken til regional landslagssamling i handball. Denne allsidige idrettsjenta som nesten ikkje har vore ute av treningskleda sidan ho var fødd. Ho var ikkje stor fyrste gangene ho fulgte med mamma Therese i hallen på handballtreningar. Therese var ein god og svært viktig spelar for Jotun handball sitt damelag. Etter sin eigen karriere var det heilt naturleg for mamma Therese og bli trenar for handballaget Leah spelte på. Pappa Geir overførte si eiga fotballinteresse til den idrettsglade jenta. Han har i ei årrekke vakta buret både for Jotun og ÅFK. Og seinare trenar for Leah sitt fotballag.
Veka skulle nok hatt fleire dagar for Leah. Ikkje berre handball og fotball stod hjarta hennar nær. Ho var også ein svært god turnar og ville gjerne trena troppsgymnastikk kvar einaste dag. Også der var mamma Therese med i trenarapparatet.
Til slutt når treningsmengda vart større i alle greiner, valde ho handballen. Sjølv om me gjerne skulle hatt Leah i bygda enno, valde ho ei toppsatsing i Kongsvinger og handballinje der. Det er eit tøfft val for ei unge jente å forlate familie og reise langt vekk. Men når ein har vilje og eit mål greier ein det meste. Med foreldre som har støtta henne i vala og lete henne halde på med det ho har lyst til, vert det spennande å fylgja denne allsidige jenta vidare i handballeventyret.
Me er stolte over at du har vore «vår» heilt fram til du starta toppsatsinga i handball.
IL Jotun ynskjer deg all muleg lukke til vidare, og det vert så moro å fylgja med deg.
Og masse lukke til på landslagssamlinga !

Leah

Jubel på fotballbana med pappa Geir som trenar

Leah med lagkompisar på handballinja i Kongsvinger

Turn

Leah klar til KM i troppsgymastikk på heimebane.