Ella, månadens fairplay for august.
3. september 2021
Jotun – Stryn G13/14
29. september 2021
Vis alt

Lerøyleikane 2021

DENNE HELGA ER DET LERØYLEIKANE 2021

Dette er ein fylkesvis friidrettskonkurranse mellom 13 og 14-åringane frå heile landet.

Tre utøvarar frå Friidrettsgruppa i Jotun er tatt ut til å representere Sogn og Fjordane under Lerøyleikane 11-12 september 2021. Det er Johannes Paulus Paulides, Kasper Høl Smedegård, William Finnebotn Saltnes.

Litt om Lerøyleikane.

Alle fylka er delt i tre grupper. Sogn og Fjordane skal konkurrere mot Møre og Romsdal, Sør og Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark (midt -og nord Noreg). Me har tidlegare konkurrert mot Rogaland og Hordaland i Bergen, men i år må Sogn og Fjordane reisa nordover til Åndalsnes (Måndalen) på grunn av koronasituasjonen.

Sjølvsagt er me veldig stolte for at tre frå Jotun friidrett er blitt tatt ut av totalt 29 utøvarar. Dei deltek i fem øvingar kvar, og alle må prøve seg i ein eller to ukjende øvingar. Desse kjekke gutane har tatt utfordringa på strak arm, og har trent godt dei siste vekene.

Me ynskjer gutane masse lukke til!!

William Finnebotten Saltnes

 

Kasper Smedegård og Johannes Paulus Paulides