Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av IL Jotun sine hovedsponsorar. Kvart år støttar dei Jotun med store summar som gir idrettslaget muligheit til å driva god aktivitet for born og unge i bygda. I tillegg til fast sponsoravtale gir dei og store bidrag gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Me er heilt avhengige av deira støtte for å kunne drive så stor aktivitet me gjer i dag.
Viste de og at Sparebanken Sogn og Fjordane har eit eige konsept for born under 8 år ? Ikkje,..?? Da rådar me dykk til å gå inn på denne lenka og lese meir om Kongleriket.
Her er mange aktivitetar borna kan bli med på og det vil og dukka opp overraskingar i banken med jamne mellomrom. Når borna er 5 år, det året dei skal byrja i skulen vil dei stifte kjennskap med Kongleriket turneringa gjennom idrettslaget. Kvart år arrangerer Sogn og Fjordane Fotballkrets saman med Sparebanken Sogn og Fjordane Kongleriket turneringar i heile Sogn og Fjordane. Desse turneringae gir klubbane høve til å tene litt ekstra til klubbkassa, og ungane vert kjende med viktige tema. Kvar turnering har eit tema. Eat, Move , Sleep – Trafikktryggleik – fairplay – miljøfokus.
Ved Sparebanken Sogn og fjordane sitt kontor i Øvre Årdal sit to veldig kjekke og flinke jenter , Anne Steinheim og Siljve Rivedal. Ta kontakt med dei. Dei hjelper med alt du lurer på om privatøkonomi. Er du bedrift og treng gode råd ? Da tek du kontakt med Anita Lægreid og me garanterer at de ikkje vert skuffa.
Sparebanken Sogn og Fjordane støttar oss, og me håpar medlemane i Jotun også vil støtte dei.