Årsmøte IL Jotun for 2021
3. mars 2022
Julian Lægreid utteken til talentleir !
14. mars 2022
Vis alt

Ungdomen i klubben tar utdanning !

Jentene tek symjedugleigstesten for 4 klasse.

Etter tre forsøk, fekk Symjegruppa endeleg arrangert begynnarinstruktørkurs i symjing i Årdal denne helga. Sjølv om me også denne gongen fekk fråfall p.g.a. korona, gjennomførte fire kjekke jenter kurset, Isabella frå Aurland og Andrea, Solfrid og Kaja frå Jotun.

Instruktøren Christina Dyngeland Kjellid frå Norges Svømmeforbund, hadde tre teoretiske og tre praktiske økter. Skal borna lære å symja, bør ein bli glad og trygg i vatnet. Det vart fokusert på dei fire kjernefunksjonane å dykka, flyte, gli i vatn og framdrift. Christina la opp kurset etter kva deltakarane hadde behov for, i tillegg til at dei tok livredningskurs og kravet for symjedugleik for 4.klasse. Jentene fekk mange gode tips for korleis dei kunne leggja opp treninga, og fekk også prøve å planleggja og gjennomføre fleire økter.

Det var imponerande kor flink og engasjert Christina var, og ikkje minst kor lærenæme jentene var! Sjølv om mykje skulle lærast, var det smil og latter. Det blei høgst fortente Nachos og solskinnsbollar frå Tya til lunsj! Me håpar at Christina kan komme tilbake seinare. I tillegg til trenarar, passar kurset veldig godt til foreldre, tilsette i barnehage og lærarar, så satsar på betre deltaking neste gong.

Teoriundervisning i Klubbhuset

Jentene tek symjedugleigstesten for 4 klasse.

Lagar bøljer i vatnet der bornet i midten blir skyvd framover medan dei flyt.

«Oppvaskmaskin» vasking av kle med ulik styrke, for å bli van med vatn.