Rekrutteringdommerkurs
16. mars 2022
Terje Sylvarnes, æresmedlem i IL Jotun
31. mars 2022
Vis alt

Prosjekt jenter på feltet !

Vårens vakraste eventyr står for døra. Endeleg, etter to år med pandemi, lite treningar og aktivitet er me klare til å koma i gang att.
«jenter på feltet» er eit prosjekt me starta å jobbe med for to år sidan. Me fekk støtte til prosjektet frå sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Jotun fotball vil satse på jentene !

No samlar med jentene i ungdomsfotballen ( J 13 og eldre + damelaget )på same dag og har trening samtidig. Me har dyktige trenarar på jentesida i Jotun fotball. Ved å trene samtidig kan dei utnytte resursane til kvarandre og lage gode økter for jentene.

Prosjektet inneber også at me skal legge vekt på det sosiale. Her tenker med at jentene kan vera med og bestemme og at ein internt i gruppa og mellom trenar og spelar har god dialog om kva ein ynskjer.

Fyrste felles trening er sett opp til torsdag den 24. mars kl 19.00. Me reknar med å sjå alle der som har meldt seg på til å vera med på fotball denne sesongen. Og har du lagt skoa på hylla ei stund ? Du er likevel hjarteleg velkommen tilbake til trening saman med resten av jentene.

Velkomen til kjekk trening ! Trenarane gler seg !
Om du lurer å noko, ta gjerne kontakt med ; ruth@iljotun.no

Arkivbilde av 06-07

Damelaget

Jenter 19