Friidrettsstemne på Jotun stadion
27. juni 2022
Endeleg Målrock att !!
6. august 2022
Vis alt

God innsats av Jotun symjarar !

Astrid og Marlene.

Symjegruppa avslutta årets sesong med å delta på junistemne i Førde. Dette var eit stort stemne, med 170 konkurrerande deltakarar frå heile Vestland, i tillegg til omlag 60 rekruttar. Frå Jotun deltok fire symjarar.

Rekruttane Marlen Myrland Moen og Astrid Todal Fauske blei med på laurdagen. Dette var første gongen dei var med på stemne utanfor Årdal, så dei var nok spente. I tillegg var det ei utruleg høg stemning i hallen! Jentene gjorde ein svært god innsats, og fekk fortent deltakarmedaljar etterpå! Me håpar at fleire rekruttar blir med på stemner til hausten, for dette var moro!

Andrea Fimland Schultz og Sigurd Bale var med i konkurranseklassa. Andrea var og med for første gong, og fekk ein flott fjerdeplass i crawl. Det blir spennande å følgje med ho vidare! Me må nesten skryte litt ekstra av Sigurd. Han har vore med på samtlege symjestemner i symjekrinsen denne sesongen. Han utfordrar stadig seg sjølv på nye øvingar. Denne gongen var han for første gong med på 200 m fri. Godt gjort Sigurd!

Sigurd, Marlene, Astrid, Andrea og Frida