Symjegruppa arrangerte lokalt stemne sist måndag 28. november. Over 30 påmeldte var med, og stemninga var god! Mange sette nye personlege rekordar, og nokre prøvde det for første gong. Innsatsen var enorm! Føresette heia frå tribuna, og kiosken blei heilt utselt! Til slutt var det stafettar, der også trenarar var med! Alle fekk deltakarmedalje! Dette var moro, og lovar godt for kretsstemnet til Symjegruppa 11-12 februar 2023!
På bilda ser de eine heatet på 50 m rygg, eit heat på 100 m bryst og «stemnets gladaste deltakar» Hanne Strand, på 50 m bryst!