Medlemskontigent 2015
3. september 2015
Jotunhuset
6. september 2015
Vis alt

Bussordning – retningslinjer

2.UTLÅN
2.1 Alle utlån skal bestillast i kalenderløysingen som finns på heimesida til Jotun. Her vil ein finne kalender som viser når køyretøya er ledige eller om dei er bestilt av nokon. Her er og skjema for bestilling av køyretøy, dette kan alle gjere. Er køyretøy bestilt, men du kan overstyre dette på lengd eller gruppe så legger ein inn bestilling på same køyretøy. Busskoordinator vil da vurdere forspørsel og bekrefte utlån så snart dette er avklart.

2.2 Busskoordinator koordinerer all bruk av bussane og skal sikre at alle grupper blir prioritert. Ved konflikt i booking gjeld regelen
– Den som skal lengst har retten.
– Agnititobussen og Peugot’en har fotballgruppa fortrinn på.

Øvrige grupper har tilgang mot fastsatt sats dersom den er ledig.
-Det er mulig å bestille eit køyretøy til anna enn trening eller konkurranse dersom det er ledig. Trening og konkurranse er prioritert først og har retten inntil 14 dagar før bruk. Bruk til anna aktivitet skal vera i regi av idrettslaget og godkjent av leiar i gruppa som ønsker dette.

2.3 Booking skal gjerast minst 14 dagar i forvegen. Etter denne fristen er utlån «låst» og ein kan ikkje påberope seg rett iht punkt 2.2

Er køyretøy ledig og det er mindre enn 14 dager før bruk er det da førstemann som får tilgang.

2.4 Busskoordinator skal ved behov gjennomføre brukarmøter med kvar særgruppe for å samle inn informasjon om behov for buss (terminlister, kampoppsett, etc).

2.5 Nøklar skal oppbevarast av busskoordinator. Utlevering og retur skal handterast av busskoordinator.

2.6 Bussane skal ha fast oppstillingsplass/parkering ved Jotunhuset.

2.7 Ved feil på buss skal sjåfør fylle ut skjema om feil og melde inn dette til busskoordinator. Skjema ligger i køyretøy.

Busskoordinator: John Valsvik tlf. 976 14 478