Søndag 2 oktober skal handball senior ha sesongens fyrste seriekamp heime i Årdalshallen. Det er kjekt å vera i gang att.
2016 er eit spesielt år for handballen i Jotun. For 70 år sidan, nærare bestemt 4. juli i 1946, hadde Jotun sin fyrste handballkamp mot Lærdal. Dette berre etter eit par treningskveldar. Det står å lesa i 50 år jubileumsheftet til Jotun at «Lærdølene var nok meir rutinerte og veltrimma», da dei tok til med trenigar alt i 1945. På det fyrste Jotunlaget var desse jentene med: Magda Dalaker( Forsberg), Helga Dalaker( Eriksen), Kårhild Hjelle (Felde), Anny Øren( Steinheim), Jørund Vee Bakketun ( Øren), Magda Øvstetun ( Olsen), Olaug Hestetun ( Berg), Ingebjørg O.Vee, ( Sperle) og Bjørg E.Hjelle (Moen). Seinare kom til Alfhild Øren ( Kalstad), Synneva Stølen( Vigen), Ingebjørg Øren ( Styve), Kirsten Øvstetun ( Larsen), Kristine Vee ( Thunselle)og Jenny Øvstetun. Trenaren til jentene var Arne Eldegard. Biletet i denne artikkelen er teke av laget i 1950.
Det er ei stor gleda for oss i Arbeidsutvalet til Jotun, å kunne samle fleire av 70 års jubilantane til ei enkel markering under fyrste seriekampen på søndag. Etter kampen vil me møtast i klubbhuset der me kosar oss med litt mat, kake og kaffi. Me håpar sjølvsagt at damene kan bidra med mange gode handballhistoriar som me kan ta med oss vidare inn i Jotun si stolte historie.
Me ynskjer jubilantane hjarteleg velkommen på kamp og håpar sjølvsagt at Årdølene tek turen til Årdalshallen søndag kl 15.00. Lat oss alle gjera stas på jubilantane våre og lat oss sjølvsagt gjera stas på dei jentene i dag som fører handballhistorien vidare.
Etter seniorkampen er det duka for fyrste heimkamp for J15 laget til Jotun / Åtil . Desse flotte jentene vil også ha støtte frå tribuna. MØT OPP FOLKENS !