Laurdag den 11. februar frå kl 11.00 vil IL Jotun ha medlemsverving i 2 etasje på Årdalsenteret. Alle som tegnar seg som medlem i IL Jotun vil få 20% rabatt på Årdal Mote denne dagen. Dei som allereie har betalt medlemskontingent for 2017 vil også få same rabatten. Dei som har registrert profil i Min Idrett kan printe ut medlemskortet sitt der. Medlemskortet som ligg i Min Idrett er det same som er avbilda i artikkelen her. Men me har oppdaterte lister over kven som har betalt hittil i 2017, så om du ikkje har medlemskort tilgjengeleg kan me finne namnet ditt i lista vår og kan få utsteda eit bevis der og da.
Åtil vil også sitje saman med oss. Benytt sjansen og kjøp medlemskort hjå idrettslaget ditt 🙂
Begge laga treng di støtte !