Obs! Obs! Skadar og medlemsskap !
6. mai 2017
Yrande liv på Torget 13 mai.
12. mai 2017
Vis alt

Fantastisk aktivitet i IL Jotun!

 

IL Jotun vil gjennom heimesida syne aktivitetsnivået som rører seg  i idrettslaget. Me er svært stolte over at 9 særgrupper er høgst oppegåande og med god aktivitet. Fyrst ute er ein liten presentasjon av friidrettsgruppa:
Friidrettsgruppa har dobla medlemane sine dette året.  Leiar i gruppa Per Inge Bale, trur det har med å gjera at treningstida har vore gunstig i forhold til andre grupper. Svært mange som er aktive i fotballen har og vore aktive på friidrett siste året. Leiaren er og svært glad for den stabile og gode trenarkompetansen dei har i Merete Moen og Rigmor Skrede. Dei er begge tidlegare friidrettsutøvarar og har lang og god erfaring både som utøvarar og trenarar.

Merete og Rigmor jobbar no med å få lag på Vikastafetten og stemnet som er samstundes.  Dei er begge glade for den gode aktiviteten, men ynskjer at enno fleire jenter skulle vore med.  Hittil har det vore overvekt av gutar på treningane. Dei har fokus på godt miljø. Mange er med på friidrett for å auke prestasjonane i andre idrettar, medan nokon ynskjer å satse på friidrett. Alle er velkomne sjølv om dei ikkje ynskjer å delta på stemner.

Nokon av utøvarane avbilda på eit tidlegare stemne.

Siste året har Knut Werge Olsen frå Årdalstangen delteke på friidrettstreningar med Jotun.  Han har hatt fantastiske resultat på stemne han har delteke på, trass i at han trenar friidrett kun 1 gang pr veke. Sist helg deltok han på stemne i Drammen.  Her sprang han inn til 2 plass på både 100m og 200m med sterke tider. 12,20 på 100m og 25.62 på 200m. Knut skal delta på nytt stemne i Bergen til helga. Me ynskjer han masse lukke til.

Premieutdeling frå stemne i Drammen sist helg.

Er det fleire som ynskjer å vera med på friidrett, er de hjarteleg velkomne til Jotun stadion onsdagar kl 18.00 (helst vera ute i god tid) Oppvarming kan foregå på dei flotte turstiane i bygda.