Den lynkjappe Knut Werge Olsen har gjort nye «kanonløp» i Bergen sist helg. Heile 4 gullmedaljar tok han heim på løpsøvingane. Friidrettsgruppa i Jotun er svært imponert over innsatsen til 14 åringen. Det vert utruleg spennande å følgja med på Knut vidare i sesongen og i åra som kjem. Alt til helga att reiser Jotun til Vik på stemne. Fyldig reportasje derifrå vert lagt ut på heimesida etter stemnet. Håpar dei som er med kan knipsa mange bilder så me kan legge ut etterpå. Her deltek fleire ivrige Jotunutøvarar. Ingen tvil om at det veks og gror i friidrettsgruppa.
Lukke til alle sammen !!
Sjå også flott artikkel i Sogn Avis 16.05.17 .
Knut sprang inn til gull på :
200m 25,30
100m 12,16
80m 10,07
60m 7,72
Han tok også ein flott 5 plass i lengde.
Bilder frå helga: