Årdal Kraftlag AS er den tredje av hovedsponsorane til IL Jotun. Dei var tidlegare kjende som Årdal Energi KF. Dei har vore Jotun sin trufaste sponsor i mange år og me er svært glade og takknemlege for å ha dei med oss.
IL Jotun har snakka med dagleg leiar Jørgen Luggenes:
Som fleire kanskje har lagt merke til har det skjedd store endringar med Årdal Energi i fjor. På grunn av nye krav i Energilova har vi måtta splitta det «gamle» Årdal Energi KF i to nye sjølvstendige selskap, Årdal Kraftlag AS (kjøp/sal av kraft) og Årdal Energi Nett AS (drift og nybygging av straumnett, overføring av kraft).
Når vi no skal inngå ny avtale med IL Jotun, er det Årdal Kraftlag som vert den nye sponsoren. Det vil bli den nye logoen til Årdal Kraftlag som skal profilerast og draktene vil få ein gradvis overgang til ny merking.
Denne endringa har ingen ting å sei for deg som er kunde på kraft og nett hjå oss, du vil få faktura på kraft og nett frå Årdal Kraftlag. Kjøper du kraft hjå andre leverandørar , får du faktura på nettleige frå Årdal Energi Nett.
Vi som jobbar her har dei same arbeidsoppgåvene som før, men er no delt mellom dei to selskapa.
Dersom du skulle få ein betalingsutfordring i desse Korona tider, ta kontakt med oss for ein betalingsplan. Kontoret er av same grunn stengt, men du får tak i oss på telefon 57 64 86 00.