Stemna på Byrkjelo stadion torsdag resulterte i nye persar på Jotun-karane. August (16) debuterte på 5000 og sprang like godt under kravet til junior-NM med tida 16.19.45. Isak (14) og Christoffer (14) sprang 800 på solide 2.22.57 og 2.23.45. Taktisk svært bra gjennomførte løp på alle tre. Dette lovar godt for friidrettsmiljøet. Vert kjekt å fylgje med gutane framover. Her er nokre bilete frå ettermiddagen: