Ved årsmøtet til IL Jotun for 2020, vart det gjort stor stas på symjegruppa. Kurt Jevnaker møtte på årsmøtet på vegne av valkomiteen. Då det var tid for å dele ut æresteikn var det ein smule overraska Kurt som vart bedt om koma opp. Kurt har mange år i symjegruppa som trenar. Han har alltid vore flink å tilpassa treningstider etter når det passar for symjarane. Han deltek ivrig på alle stemner og stiller opp på dugnader og arrangement der symjegruppa er ansvarlege. I tillegg var det han som i si tid hadde hovedansvar for å utarbeide klubbhandboka til IL Jotun. Han har og vore både trenar og oppmann i fotballgruppa.
Symjegruppa og IL Jotun set stor pris på arbeidet du har gjort og gjer Kurt ! Gratulera !!
Ikkje nok med æresteikn, men symjegruppa vart også tildelt pris for Årets Eldsjel 2020. Stolt leiar Ingeborg Hjelle, Instruktør Kurt Jevnaker , Ruth Laberg og primus motor for å ha skaffa symjegruppa dette tiltaket, Henrik Rønningen.
Grunngjevinga frå æresteikn komiteen kan de lese her:
Årets Eldsjel 2020
I tillegg til dei på biletet er det mange fleire som deltek på desse samlingane. Aktive utøvarar, foreldre og frivillige er med å skape kjekke aktivitetar dei gangene Vang mottak kjem til Årdal. Symjegruppa ynskjer å takke alle som hjelper til og på vegne av oss alle er me svært stolte over å motta denne prisen.
Vang mottak kjem tilbake sommaren 2021, og me er alt begynt å gleda oss til å ta imot dei.