Fyrstkomande søndag den 24.10., kl 13.00 skal smågutelaget til Jotun spele ein svært viktig kvalikk kamp mot Høyang. I vårsesongen vann Jotun gutane alle kampane sine. No i haust er det to grupper med sluttspel. Jotun fekk med Høyang og Stryn i si gruppe. Hittil har gutane vunne både mot Stryn og Høyang. I kampen på søndag vil Jotun gutane klare seg med uavgjort for å koma til kretsfinalen.
Trenarane i dette kullet Davy van Menxcel, Ove Reidar Grytbakk og Kjell Bjarne Nilssen har gjort ein fantastisk jobb. I tillegg har dei to oppmenn Svein Erik Nes og Steinar Årebru som gjer ein like fantastisk jobb for å tilrettelegge alt rundt laga.
Både gutane og støtteapparatet treng eit solid publikum. Så folkens, MØT OPP PÅ KUNSTGRASET SØNDAG KL 13.00. Kaffi og noko å bita i får du kjøpti kiosken.
Jotun sine hovedsponsorar: