Terje Sylvarnes, æresmedlem i IL Jotun
31. mars 2022
Friidrettsstemne på Jotun Stadion onsdag 08.juni 2022
3. juni 2022
Vis alt

Ei gladsak frå barnefotballen i Jotun fotball !

Jenter 9 hadde sin fyrste seriekamp i går. Mykje skal leggast til rette og passast på for at alle både heimelag, bortelag og støtteapparat skal få gode opplevingar.
Trass tap, var trenarane på Jotun laget Veronica Hellebø og Kristiane Seim svært nøgde med kampen. Dette skuldast blant anna god dialog mellom laga og støtteapparatet.
Jotuntrenarane sende følgande melding til fotballkretsen etter kampen:
«Me har lyst å senda inn litt skryt om trenarane til Kaupanger J9!  Dei møtte oss på vår heimebane! Me hadde god dialog i forkant, å vart enige om å pratast litt om det vart ujevnt i kampen! Me hadde mange innbyttarar, dei hadde kun 1! Sånn sett hadde jo me ein fordel, pluss litt utfordringar ifh til å gi alle bra med speletid!  Me såg raskt at Kaupanger  hadde eit knallbra lag! Dei var på hugget – å måla mot oss rann inn…det vart raskt 0-4 mot oss! Jentene våre mista litt motet da.. Trenaren til Kaupanger kom  bort å sa me kunne setja inn på 1 til. Jentene våre fikk opp motivasjon igjen, å klarte no få inn 1 mål før pause. I 2.omgang så fikk me det meir til.. men fortsatt ein del mål mot oss. Trenaren til Kaupanger sa me kunne ha på enno ein spelar. Så me spelte med 2 ekstra spelarar.  Det gjorde opplevelsen bedre for våres jenter , dei var i kjempehumør gjennom kampen og etter! … Dei var lykkelige for å ha scora 4 mål, sjølv om det vart 14 i mot! Dette synes eg fortjener ein nominasjon til Fair Play! Kjekt når ein kan samarbeide så godt, å ha fokus på at spelarane skal få ein god opplevelse! Så i tillegg fikk jentene våre meir speletid, når fleire fikk være utpå samtidig! Meinar trenaren me var i kontakt med heiter Geir-Erik Røysi! Mvh Veronica Johansen Hellebø og Kristiane Seim»
Kretsen sende dette vidare til Kaupanger som kom med denne kjekke tilbakemeldinga :
 

Det er dette barnefotballen handlar om. Skape gode opplevingar for alle der resultat er underordna. I denne kampen var det også ein heilt fersk nyutdanna dommar. Jenny Walaker klarde seg veldig godt. Her har kampvert og støtteapparat ei viktig rolle slik at dommarane også får gode opplevingar.
Jotun fotball set særs pris på akkurat slike saker og oppfordrar alle lag til å legge vekt på Fairplay arbeidet i klubben ! Godt jobba alle saman.