Æresmedlem Karl Høgmo fyller 95 år i dag. Utan at me har sjekka det sikkert, meiner me Karl må vera ein av dei eldste medlemane i laget. At han er eldst skulle ein ikkje tru. Han har eit hugse og minne som svært få andre som er mange, mange år yngre enn han. Ein stor ressurrs no når Jotun skal lage jubileumsbok. Historiane kjem på løpande bånd. Han har vore svært viktig for heile Jotun men spesielt med arbeidet rundt anlegg og klubbhuset.
Leiar Arnt Stølen Moen og nestleiar Odd Vidar Øren var på plass med blomar til jubilanten i dag. Alle me i Jotun ynskjer deg til lukke og håpar at dagen blir veldig fin !