Treningssamling i symjing
5. desember 2022
Kjempestemning på lokalt stemne !
7. desember 2022
Vis alt

Trenarutdanning i symjegruppa 25-27.11.22

TRENARUTDANNING i SYMJEGRUPPA

Sist helg var Symjegruppa så heldige å få den engasjerte instruktøren Christina Dyngeland Kjellid frå Bergen og Norges Svømmeforbund på besøk.

Seks deltakarar fekk god vegleiing i elementære og viktige grunnprinsipp innan symjing, dykking, pusting og symjing på rygg og crawl. Kurset tar to dagar, med tre økter i basseng og tre økter med teori. I tillegg ein må ta e-kurs om litteraturen bak.

Me er særs glade for å ha fått utdanna endå tre nye trenarar i Symjegruppa! Dette er mellom anna unge tidlegare symjarar, som gjer eit viktig bidrag til symjesporten og klubben i bygda. Særleg artig var det at ein ung mann frå Oslo og Lambertseter blei med. Han var så ivrig etter å ta utdanninga, at han ikkje ville vente til det blei kurs austanfor. Dette gav kurset eit breiare diskusjonsgrunnlag mellom deltakarane, då han kjem til å bli trenar for ein klubb med mange tusen medlemmer.

Å ha rett fokus på opplæring i symjing er viktig. Symjegruppa er no rusta til nye gode sesongar, og er opne for at trenarane kan vidareutdanne seg ved seinare høve. Me har plass til fleire symjarar i gruppa, så det er berre å bli med i denne flotte sporten!

Det høver godt å takke Kurt Jevnaker, som no har gjett seg som trenar i Symjegruppa. Me er takknemlige for alt han har bidrege med, og ynskjer han lukke til vidare! Heldigvis har han lovd å hjelpe til på kretsstemnet vårt 11-12 februar 2023!