Denne helga var dei beste spelarane fødde 1998 samla i Stryn. På programmet stod det 2 kampar mot Nordmøre og Romsdal FK, og frå Jotun var Vegard Aafedt Bukve kalla inn. I tillegg til kampane, som vart avvikla fredag og søndag, hadde laget frå Sogn og Fjordane 2 treningsøkter laurdag.
Vegard var svært nøgd etter samlinga denne helga, og fortel at han fekk mykje speletid. Fredag spela han 2. omgang, og hadde målgjevande til 3-1 målet som Mats Uglane sette inn. Kampen enda 3-2 til Sogn og Fjordane.
Laurdagen gjekk med til trening og sosiale aktivitetar, slik at dei skulle stå best mogleg rusta til returmøtet på søndag.
– Søndag spela eg nesten heile kampen, noko eg er svært nøgd med. Eg spela frå start, og var kun ute av bana i 2 minuttar seier Vegard. Totalt sett var samlinga svært positiv, både sportsleg og sosialt, avsluttar idrettstalentet frå Jotun.
Her er fakta frå kampane (all info er henta frå www.haugenfotball.no)
Fredag:
SFFK G98 – NRFK G98 3-2 (1-1)
0-1 Adrian Lysø (33. min)
1-1 Eirik Høydahl (34. min)
2-1 Steffen Glosvik (41. min)
3-1 Mats Uglane (46. min)
3-2 Endre Dragseth (58. min)
Søndag:
SFFK G98 – NRFK G98 2-2 (0-1)
0-1 Jesper Nyheim (9. min)
1-1 Mats Uglane (66. min)
1-2 Thomas Røsok (71. min)
2-2 Mats Uglane (77. min)
Takk til Stig Høynes frå www.haugenfotball.no for bilete